Studentblogg

Frå elev til student: eksamen

I serien av ting som er litt annleis på universitetet enn på skulen, har me kome fram til eksamen. Etter mange år på skulebenken har du nok hatt ein del eksamenar. Gjer deg klar, for i studietida blir det fleire av dei. Og veit du – det går heilt greitt!

Her på Studentbloggen er «eksamen» og «ferie» nokre av dei aller mest brukte taggane. Det er ikkje så rart, for det skildrar nok studentlivet ganske godt. Det er stort sett eksamen i kvart emne på slutten av kvart semester, så det er jo forståeleg at me studentar alltid lengtar etter nærmaste ferie.

Så, kva er eksamen?

Eksamen er:

  • Evigvarande kjelde til dårleg samvit.
  • Studentars beste unnskyldning for alt («eg kan ikkje, eg har eksamen»). (Nesten) alltid gyldig!
  • Semesterets høgdepunkt!
  • … eller semesterets avslutning, eigentleg.
  • Men mest av alt er jo eksamen ei avsluttande vurderingsform, der du skal visa sensorane at du har skjønt det. At du har lært noko i løpet av semesteret.

    Eksamen på universitetet er gjerne skriftleg, dei varer gjerne i fire eller seks timar. Heimeeksamen er også vanleg. Det er også ein del emne som har ulike former for mappevurdering, der kan det til dømes inngå ein skuleeksamen og ein heimeeksamen. I nokre fag er det dessutan munnleg eksamen, men det har eg ikkje vore innom sjølv endå.

    På fredag hadde eg min første skuleeksamen denne semesteret. Eg vakna 06.15 og var overtydd om at eg hadde forsove meg. Det hadde eg ikkje, den var faktisk 06.15. Eg gjekk til eksamenslokalet: Salem i Bergen sentrum. Så sto og satt me der på gangen og venta på at eksamensvaktene skulle sleppa oss inn i lokalet. Me fann oss pultar. Fann fram kulepennar og proviant, skrudde av mobilar og la vekk jakkar og vesker. Så blei klokka 09 og me sat spente og venta på utdeling av oppgåvene. Og så var det berre å skriva.

    Etter fire timar med intens skriving, har ein som regel ganske vondt i handa. Eg skal lova deg at eg hadde vondt i handa då eg var ferdig med ein åtte timars skriftleg eksamen for nokre år sida. I gamle dagar var dei visstnok endå lenger. Når ein er ferdig med skrivinga, er ein klar for det store høgdepunktet: å riva arka frå kvarandre. Eksamenane skriv me nemleg på gjennomslagsark i tri lag, som deretter må sorterast i bunker etter farge. Dei nedste arka er rosa, og dei kan ein ta med seg heim om ein vil:

    Men hey, etter ein eksamen er nok det å gå heim for å lesa gjennom den det siste du vil finna på. For då har du jo enten ferie – eller ein annan eksamen å førebu deg til.


    I serien Frå elev til student skriv eg om korleis det å vera student skil seg frå livet som elev i skulen. Lurer du på korleis det blir å vera student? Då er det berre å følgja med i denne serien! Om du har tips eller ønskje til serien, er det berre å leggja igjen ein kommentar.

    [simple_series title=”Frå elev til student:”]


    Legg igjen et svar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *