Studentblogg

Ein smak av vinter


Utsikt mot Ulriken frå Høyden

Førre veke fekk me ei kjekk overrasking i Bergen: litt snø og kaldt vintervêr. Ein liten forsmak på vinteren. Det er nemleg ikkje sånn at det berre regnar her i Bergen, tvert imot. Her møter ein alle årstider, sjølv om dei ikkje alltid kjem heilt i kronologisk rekkefølgje. Det milde haustvêret er tilbake igjen i dag, men det gjenstår å sjå kor lenge det varer før vinteren tar overhand her i Bergen.

I helga var eg ein tur i Trondheim, og etter det var det veldig godt å få føttene tilbake på bergensk jord. Vel var det litt snø her heime også, men det var godt å opphalda seg i litt varmare temperatur igjen.

På biletet over ser du litt utsikt mot Ulriken frå Det samfunnsvitskaplege fakultet. Av og til skoddar det seg sånn til at ein ikkje heilt kan sjå fjelltoppane lenger. Til venstre på biletet ser du SV-biblioteket.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *