Som representantar i universitetsstyret får ein oppleva mykje rart. Her er eit godt døme på det: 1. februar var det klart for Den store Svalbardturen for meg og Bjørn-Anders. Det viste seg at me ikkje hadde valt det beste tidspunktet for turen vår, det var nemleg dårlege vêrforhold på Svalbard. Forholdsvis mildt, med ein del snø og vind.

Det går eitt fly til Svalbard frå Tromsø kvar dag. Då me kom til flyplassen viste det seg at flyet som skulle gått dagen før, hadde blitt nødt til å snu grunna det dårlege vêret. Me byrja derfor å bli litt nervøse då dette flyet blei utsett. Me skulle berre vera på Svalbard frå onsdag til fredag, så me hadde ikkje så mykje å gå på.
Så blei det til at vårt fly fekk ta av først – og jammen kom me oss av garde. Å seia at det var dårleg vêr var kanskje ei underdriving – me heldt på å blåsa av garde då me gjekk ut av flyet på Svalbard lufthavn, Longyear. Å gå frå hotellet og bort til ein spisestad var ein styrkeprøve.

Foto av Kristian André Gallis, funne her.
Longyearbyen skal visst eigentleg sjå ut som på biletet over, men sia det var så mykje snø og vind såg det for det meste slik ut under opphaldet vårt:
“Dårleg bilete,” tenker du kanskje? Å jada, men det er ikkje berre på grunn av eit dårleg mobilkamera – det var blått, snø, vind, dårleg sikt, og me heldt oss mest innandørs. Spitsbergen tilseier jo at det er spisse fjell i området. Dei såg me ikkje, for å seia det sånn.
Likevel fekk me heldigvis sett meir enn berre innsida av hotellet me var på. Me var til dømes på omvising på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). UNIS tilbyr undervising i arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. UNIS blei etablert i 1993 og har eit veldig internasjonalt preg over seg. Det meste går føre seg på engelsk og omtrent halvparten av både studentar og tilsette kjem frå andre land enn Norge.
Det var Polarjazz då me var i Longyearbyen, så nokre av oss gjekk på konserten med Kaizers Orchestra på torsdagskvelden. På fredagen var det på tide å ta turen heimover igjen, men det var ikkje så lett som ein skulle tru. Flyet var igjen forseinka. Heldigvis kom me oss av garde til slutt!
Eg vil absolutt tilrå deg å ta turen til Svalbard og Longyearbyen om du får sjansen. Sjølv ein samfunnsvitar som meg blei interessert i undervisingstilbodet dei har på UNIS. Miljøet er godt og internasjonalt, folka er imøtekommande og stemninga god. Tenk så spennande å vera utvekslingsstudent på Svalbard! Sjekk ut undervisingstilbodet på nettsidene deira.

